Eldretreff på tur

Sommeravslutning for Eldretreff:  Tur til Tysnes, Våge og Mandelhuset.  Nydeleg ver, mykje fint å sjå på kjøyreturen og nokon av dei 15 som var med, rakk ein tur i butikksenteret og banken. Men viktigst – i tillegg til samveret – var lunsjen på Mandelhuset.  Me hadde tinga Naustet, der er det mykje interessant å studera…

Detaljar

Ein folkefest for pergolaen

Det er synd nettsida sin redaktør ikkje har vidvinkellinse til kamaraet, slik at frammøte til denne festen kunne dokumenterast med bilete.  Men då leiaren for styret i Huglabutikken AS, Per Egil Sæter, haldt opningstalen før snorklyppinga, meinte han at her var godt over 100 frammøtte, altså ein prosentsats på godt over 100 for øya sin…

Detaljar

Generalforsamling Huglabutikken AS

17 aksjonærar møtte på generalforsamlinga. Butikken fekk ny dagleg leiar i 2021, Hege Elin Haukanes.  Mykje pent er sagt om Wenche Taranger, den forrige daglege leiaren, dette utan forkleinelse for ny leiar.  Å vera leier for ein så marginal butikk inneber mykje arbeide, mange seine kveldar.  Hege Elin sin visjon er at Huglabutikken skal virka…

Detaljar

Derfor vert sjøen grøn

Den grønaktige fargen er meist sannsynleg ein indikator på store oppblomstringar av algetypen Emiliane Huxley, seier Padmini Delpadado ved Havforskningsinstituttet.  Algene er heilt ufarlege for både mennesker og dyr.  Den eineste konsekvensen av algene er at dei fører til kraftig redusert sikt. Ein kan altså trygt hausta både skjel og krabbar og anna sjømat!

Detaljar

Hvis du vil rydde ei strand

Huglo Bygdalag har sekkar til strandrydding liggande på kjøkkenet på Huglo skule.  Dei som ynskjer å rydda ei strand, kan ta kontakt med ein av dei som har nøkkel til skulen for å få tak i sekkar. Før strandrydding tek du kontakt med Friluftsrådet Vest eller SIM for å avtale henting av avfallet.  Eller du…

Detaljar

Ein strålande dag på alle måtar

Ein dag å vera takksam for – noko óg presten minte oss om i den tradisjonelle 17.mai gudstenesta. Det var etter flaggheising, musikk med korpset og tale for dagen ved Per Egil Sæter.  Han repeterte historia for oss om starten på det heilt sjølvstendige demokratiet Norge, noko som ikkje er ei selvfølge i alle land.…

Detaljar

Sumaravslutning Eldretreff

Som avslutning på dette halvåret med Eldretreff, planlegg me ein utflukt til Våge på Tysnes, men lunsj på Mandelhuset, onsdag 8.juni. Me tek ferja kl 11.35 fra Nordhuglo, og rekner med å ta ferja kl 16.00 tilbake. Pris for middagsrett er kr 285, og for dessert og kaffe kr 120.  Det er pengar i eldretreff-kassa,…

Detaljar

17.mai på Huglo

Endeleg kan me feira tradisjonell 17.mai igjen! Programmet er som følger: kl. 10.30   Flaggheising.  Korpset spelar Ord for dagen ved Per Egil Sæter kl. 11.00    Gudsteneste Tog Matøkt i gymsalen.  Ta med mat, kaffe og dekketøy Sal av kaker og kaffe.  Alle barn får brus Leikar inne og ute for store og små.  Premiar…

Detaljar

Eldretreff

No er det snart 2. onsdagen i mai, og då vert det Eldretreff igjen. 11. mai, også denne gongen i skulestova kl 15 til 17. Som vanleg kaffi og noko godt å bita i, og god tid til å utveksla nyhende og meiningar. Denne gongen planlegg me sommaravslutning.  Kanskje ein liten utflukt?  Med lunsj i…

Detaljar

Pergolaen

No er plassen foran pergolaen fint asfaltert, og det vert sagt at asfalten skal ha ei lita helling mot sjøen, så me slepp den vatnpytten som har vore midtvegs på kaia.  Det ser flott ut!  Og allereie har plassen foran butikken vorte mykje nytta til drøs og kaffi. Det er berre eit (alvorleg) skår i…

Detaljar

Bedehusbasar

Endeleg var det mogleg med bedehusbasar igjen! Basaren til inntekt for drift av bedehuset er ein påsketradisjon for mange. Det var heilt fullt hus med over 100 personar, så ein måtte til og med dekke bord i gangen. Vi fekk alle god kaffimat før Kari Bolette Lundal heldt andakt. Etterpå var det duka for åresal…

Detaljar

Bedehusbasar

Endeleg kan starten på påsken vera som i dei gamle, gode dagane før pandemien! Den tradisjonelle påskebasaren på Bedehuset vert laurdag 9.april kl 16 Det vert andakt ved Kari Bolette Lundal Mat og kaffi Arrangørane er takksame for gevinstar, ta kontakt med Per Egil Sæter eller Wenche Taranger Vel møtt!

Detaljar