Badetemperaturen

Nå ventar me på at badetemperaturen skal stiga igjen.  Men så var det denne nordavinden . . . I går viste termometeret 15 gradar i Huglavikjo, men i Tveitevågen var det vindstille, og der stoppa ikkje gradsøylen før på 17 gradar – det var dersom ein held seg på så grunt vatn at tærne rakk…

Detaljar

Tradisjonell St. Hans feiring

Dugnadsgjengen i Huglo Idrettslag hadde gjort – og gjorde – ein stor innsats, slik at St. Hansfeiringa vart ein flott markering.  Tradisjonell, men med fleire folk samla enn nokon gong tidlegare! Det starta med fotballkamp, to lag med 10 spelarar i kvart lag:  “De med vest” og “Dei utan vest”.  Publikum, som òg var opptatt…

Detaljar

Ut på tur?

Skal du på postaleiting i stille, overskya, litt fuktig vær, er det ein ting som er heilt nødvendig å ha med seg:  Myggspray!!  Kart og kompass er greit, men utan forsvar mot knotten, er du oppeten før du finn posten.  Men med rett utstyr er turorienteringa heilt toppers!

Huglamessa

Nå er det straks ferietid, og da har me kanskje tid til litt framsyn og planlegging.  Huglo Bygdekvinnelag inviterer, som sagt tidlegare òg, alle med tilknyting til Huglo, til å delta i messa med kva ein har å selja.  Me har sett at det er mange kreative, produserande sjelar på og rundt Huglo, og jo…

Detaljar

Huglaturn

Under leiing av Eline har 5 turnare trent kvar torsdag.  Denne gangen møtte foreldre og besteforeldre og kjente opp for å sjå idrettsglede og prestasjonar.  Og som ekstra bonus kom turntrenar Paul frå Vikjo som gjesteinstruktør og røynd rettleiar.     Imponerande innsats frå alle, takk til eks-gymlærar Eline og veldig kjekt med samarbeidet med…

Detaljar

Dagens badetemperatur

Kjøligare netter gir nok litt kjøligare vatn i fjorden.  I dag var det 16 grader i Huglavikjo, 17 i vatnet ved Haukanes, og i Tveitevågen var det 18 grader. Men:  Den store gode nyheita er at det ikkje er observert ein einaste brennmanet!  Og i alle fall på kvardagane har du antakeleg hele Tveitevågen for…

Detaljar

Turnoppvising ! !

Utruleg mykje forskjellig skjer på øyo Huglo.  No er det turnoppvising torsdag 7. juni kl. 18.00 i gymsalen. Det er eldsjelen Eline som har trent ungane kvar torsdag, og nå har me sjanse til å få sjå leik og turnglede. Etter oppvisninga vert det servert forfriskningar. Hjarteleg velkommen alle som vil sjå noko av det…

Detaljar

Politisk møte på Huglo 14. juni

ORGANISASJONAR og INNBYGGJARAR PÅ HUGLO Huglo bygdalag, Huglo båtlag, Huglo ungdomslag, Huglabutikken, Huglo bondelag, Huglo bedehus, Bygdekvinnelaget, Huglo idrettslag   INVITASJON TIL SAMRÅD Programnemnda i Stord Arbeidarparti har starta arbeidet med å laga program for kommunevalet 2019. Før me skriv og vedtar programmet, vil me høyra kva som er viktig for innbyggjarane; som einskildpersonar, som…

Detaljar

Brannsjefen på Huglo takkar

Brannsjef Erik kan ikke få rost alle dei frivillege som møtte raskt fram og hjalp til med å slokke brannen.  Utan denne innsatsen frå fastbuande, hyttefolk og besøkande hadde det sett farligare ut, sier han.  Tusen, tusen takk til alle som var med på slokkinga!

Skogbrann på Huglo

Så hende det me alle er litt redde for, og som ikkje skal skje: Leif og Bjørn sat i solveggen og drøste, men til all lukka hadde de augene med seg og såg flammane i bakken litt forbi Breivikjo, på austsida av Huglavikjo.  Og sjølvsagt var det norleg solgangsbris!  God arbeidsfordeling:  Den eine ringte 110…

Detaljar

Turorienteringa 2017

Høyrer du til dei som var ivrige i fjor og  har venta på ein oversikt over resultatet?  At det har tatt tid, har nok noe å gjera med at heile 146 deltok, og da vart systemet med å skriva seg på ei liste, for dei som skulle telja opp og laga statistikk, utrolegtidkrevjande.  Som årets…

Detaljar

Kuslepp ei januarnatt

Tekst: Øystein Huglen For nokre fantastiske sommardagar me har hatt i mai! Brått er alt rundt oss blitt grønt.  Graset har skote til vers, så no er det klart for ku-slepp. No hadde eg eit ekstra tidleg ku-slepp i år.  For først i januar skjedde det som ikkje skulle skje. Klokka var runda midnatt.  Eg…

Detaljar

Ein strålande dag

Takk til 17.maikomitèen og alle dei som gjorde dugnadsarbeide, slik at dagen vart akkurat slik me ynskjer oss!  Kontakten med Værguden må ha vore ekstra god, dette var ein 17.mai me vil hugsa. Her kjem nokre glimt frå feiringa:     Me seier som i songen:  Her er det sol og glede!    

Detaljar

17. mai på Huglo

Program for 17.mai 10.30 flaggheising -Korpset spelar 11.00 gudsteneste maitog – korpset spelar Ord for dagen v/Hilde Eikeland maifest i skulen: – Matøkt (ta med mat og drikke sjølv) – Sal av kaker, kaffi, is og brus – Leikar for små og store – Premieutdeling            

Detaljar