Mykje på lager!

24-25 juli vert det fastival på Huglo! Hald av helga, dette vert spennande! Gjengen som som sit i styret: Hilde Eikeland:Festivalsjef Øyvind F. Sortland: Ass. festivalsjef Hanne Haukanes: Økonomi Christian Notland: Booking Kristoffer F. Sortland: Område Janne Eikeland: Ansvarleg for frivillige Thomas Notland: Visuell designar Rundt juletider vert det eit info/inspirasjonsmøte på Huglo. Her kan…

Detaljar

Turids Kafe og Garnsalg

Vellukka opningsdag, den nye kafèdrivaren var storfornøgd med frammøtet. På menyen var noko for einkvar smak, suppa var god og kakestykkene rause, det gjekk lenge til ein trong mat igjen. Litt garn vart det og selt, Drops sine oppskrifter er spanande moderne og mykje fint garn var på plass. Neste kafèdag er komande onsdag. Ein…

Detaljar

Havrettsaften

Huglo ungdomslag ynskjer velkommen til havrettsafta laurdag 11. oktober i Fjellheim. Det vert levande musikk ved Olav Eger Hesjedal. Inngangspris kr 400 (medlemmar kr 300) Bindande påmelding til Astrid Eikeland Tlf: 53 49 56 44 Frist for påmelding: Tysdag 7.oktober Her kan du sjå bilete frå havrettsaften 2013

Detaljar

Ferjebyte

For ca ei veke sidan tøffa vår driftssikre M/F Folgefonn sørover, og me fekk M/F Hordaland i staden. Og det skal me ha i omlag 2 månader, medan Folgefonn er på Halsnøy og får installert batteri til elektromotoren. Til no har elektromotoren vore dreven av ein dieselmotor, som når batteriet er godt og vel på…

Detaljar

Biblioteket

Den blide bibliotekaren vår, Åse, held framleis åpent for utlån – og levering – av bøker frå Stord Folkebibliotek. Biblioteket held til på Huglo skule og har opningsdagar og tid som du ser på plakaten. Du kan søka etter bøker på nettsida til Stord Kommune, Biblioteket, bestilla bøker og henta bøkene hos Åse. Vil du…

Detaljar

Turid's kafe

Huglo har fått sin eigen kafe! Lokalet til den nye møteplassen er Bedehuset, der huglarane kan stikka innom for å møtast, drøsa og smaka på Turid sine kaker. Ei suppe vert det kanskje og. Og så vil Turid selga Drops garn på kafeen. Ho har tatt inn 100 kg garn, så det skulle vera noko…

Detaljar

Huglo skule

Høyringsfristen for “Mogleg nedlegging av Huglo skule” gjekk ut 23.d.m. Det har kome inn fire merknader til høyringsnotatet. Vidare no skal saka opp i Komitè for oppvekst og utdanning 20. september, og endeleg vedtak skal gjerast i Kommunestyret 16. oktober-

Detaljar

Budeie anno 2014

Øystein har satsa stort og fått eit heilt nytt liv både for kyrne og seg sjølv. Kyrne tok det heile med verdigheit og ro, såg det ut til. Dei likar jo å verte mjølka, og når båsen både har vaskefasilitetar, mjølkar bra og tomt og det atpåtil vert servert litt kraftfòr i mjølkebåsen, er det…

Detaljar

Hest på Huglo

På Huglo kan jentedraum nr 1 verta verkelegheit! Førre veka fekk Tiril og Veslemøy kvar sin flotte hest med ferja. Ein veldig flink far som byggjer ein stall så fin at du nesten må ta av deg uteskoa for å gå inn, hjelper godt, her kan det verta eit ekte hestemiljø. Veslemøy og Tiril har…

Detaljar

Dyrevenn

Det er kanskje fleire som har observert ein NRK-bil på Huglo den siste veka. Svaret på kvifor, får du her. I haust kan ein venta seg eit innslag frå Huglo, på NRK-Super sitt dyreprogram “dyrevenn”. I eit par dagar har eit team fotfulgt Lars Olai Haukanes på Sørhuglo. Huglo.no kjem tilbake til tidspunktet for sendinga.

Fotballskulen

Den første fotballskulen på Huglo vart ein suksess med 22 deltakarar. Iført flotte Tine-draktar var det mange blide og ivrige ungar på å sjå på Leirvikestølen denne veka. Innsatsen var det ingenting å seie på, og både store og små såg ut til å kose seg på banen. Ei stor takk til Nils Henrik Elde…

Detaljar

Familiedag i Tveitevågen

Huglo Bygdalag arrangerte ein sers vellukka familiedag i Tveitevågen. Her var både huglarar, hyttefolk og tilreisande slekt og venar. Grillane var varme og det vart sett til livs mange pølser, og is, brus og bålkaffe gjekk unna i sumarvarmen. Vatntermometeret stopte på 22 grader, så den mest populære aktiviteten var utan tvil bading. Kapp-padling på…

Detaljar

Familiedag

Det er reine sydenvarmen på Huglo denne sumaren, og i morgon vert det familiedag i Tveitevågen. Bygdalaget fyrar i grillane, så ta med grillmat. Det vert sal av is og brus. Ein kan m.a få prøva seg på klatring, rappelering, kubb, slakk line og sjøkonkuranse.

Detaljar